Vi flytter til Fretheim Hotel i Flåm

2009 oktober 14
by caroline

Pga dobbel bestilling av Aurlandshallen er vi nødt til å flytte arrangementet til Fretheim Hotel i Flåm. Beklager bryderiet.

Velkomen til Terra Madre i Aurland 23-25 oktober 2009

2009 august 25
by paldron

Vi har gleda av å invitere alle interesserte til Terra Madre Norway 2009.

Møtestaden er Fretheim Hotel i Flåm.

Dette er første gongen at det vert arrangert ei norsk utgåve av Terra Madre, og vi vonar det skal bli ein spanande møteplass for nettverksbygging i god Slow Food ånd. Programmet byr på foredrag, workshops og ikkje minst høvet til å bli betre kjende med kvarandre.

Hovudarrangementet vil bli frå kl 10.00 -18.00 laurdag 24 oktober. Alle seminar og workshops er gratis, fest på laurdagskvelden kl 20.00  kostar Nkr 395. Informasjon om reiseruter og overnatting fins ved Praktisk info. Vi vonar så mange som mogeleg brukar Påmeldingskjema. Det sparar oss for arbeid.

Då snakkast vi i Aurland.

Med helsing

Pål Drønen – Terra Madre Norway

Om Terra Madre

2009 juli 7
by paldron

Terra Madre er eit internasjonalt nettverk av det Slow Food kallar «matsamfunn» frå heile verda. Terra Madre vert arranget anna kvart år i Torino, Italia og samlar over 5000 delegatar frå heile verda. Eit tegn på Slow Food og Terra Madre sin veksande innflytelse er at dei no er invitert til å delta på G8 møtene. I tillegg til den internasjonale kongressen veks det fram nasjonale Terra Madre møteplassar. Terra Madre er aktiv kvar dag i meir enn 150 land. Dette er starten på eit norsk Terra Madre: Terra Madre Norway.