Velkomen til Terra Madre i Aurland 23-25 oktober 2009

2009 august 25
by paldron

Vi har gleda av å invitere alle interesserte til Terra Madre Norway 2009.

Møtestaden er Fretheim Hotel i Flåm.

Dette er første gongen at det vert arrangert ei norsk utgåve av Terra Madre, og vi vonar det skal bli ein spanande møteplass for nettverksbygging i god Slow Food ånd. Programmet byr på foredrag, workshops og ikkje minst høvet til å bli betre kjende med kvarandre.

Hovudarrangementet vil bli frå kl 10.00 -18.00 laurdag 24 oktober. Alle seminar og workshops er gratis, fest på laurdagskvelden kl 20.00  kostar Nkr 395. Informasjon om reiseruter og overnatting fins ved Praktisk info. Vi vonar så mange som mogeleg brukar Påmeldingskjema. Det sparar oss for arbeid.

Då snakkast vi i Aurland.

Med helsing

Pål Drønen – Terra Madre Norway

No comments yet

Leave a Reply

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS